Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august, 2017

The nix

Eg er nettopp ferdig med "The nix" av Nathan Hill og skulle ønske t det var fleire sider, fleire historier, for boka var en fryd. Eg fant den heilt tilfeldig. På veg til Dublin trengte eg noko å lese, så eg vandra inn i ei bok-forretning på flyplassen og spurte en ansatt om bøker ho anbefalte. Vanligvis liker eg å finne bøker sjølv, men eg hadde dårlig tid og er no glad for det. For eg ville ikkje kjøpt boka uten anbefaling. Den såg ikkje særlig spennende ut, og den var litt tjukk, som betydde at eg ikkje ville få tid til å lese den ferdig i løpet av helga. Måten ho beskreiv boka på, fekk meg likevel til å ta sjansen. "En av dei beste bøkene ho hadde lest dette året". Eg skjønner kvifor. Allereie frå starten måtte eg stoppe opp for å berre la metaforene og bilda som dukka opp i hovudet mitt, synke inn. Du kjem rett inn i handlinga, og veit at sidene vil gi deg ei god lese-oppleving. Boka handler om Samuel, som blir forlatt av sin mor uten forklaring. Seinere dukke