Eg er nettopp ferdig med "The nix" av Nathan Hill og skulle ønske t det var fleire sider, fleire historier, for boka var en fryd. Eg fant den heilt tilfeldig. På veg til Dublin trengte eg noko å lese, så eg vandra inn i ei bok-forretning på flyplassen og spurte en ansatt om bøker ho anbefalte. Vanligvis liker eg å finne bøker sjølv, men eg hadde dårlig tid og er no glad for det. For eg ville ikkje kjøpt boka uten anbefaling. Den såg ikkje særlig spennende ut, og den var litt tjukk, som betydde at eg ikkje ville få tid til å lese den ferdig i løpet av helga. Måten ho beskreiv boka på, fekk meg likevel til å ta sjansen. "En av dei beste bøkene ho hadde lest dette året". Eg skjønner kvifor. Allereie frå starten måtte eg stoppe opp for å berre la metaforene og bilda som dukka opp i hovudet mitt, synke inn. Du kjem rett inn i handlinga, og veit at sidene vil gi deg ei god lese-oppleving.
Boka handler om Samuel, som blir forlatt av sin mor uten forklaring. Seinere dukker ho opp som youtube-kjendis etter å ha kasta stein på en president-kandidat og Samuel prøver å finne ut kven mora hans egentlig er. Boka handler ikkje berre om Samuel, men ein blir også kjend med en rekke andre karakterer som fascinerer og gjer boka enda meir lesverdig. The nix er ikkje berre en skildring av eit mor-sønn forhold, det er også en politisk verk. Den beskriv det amerikanske samfunnet godt, og viser indirekte kor meiningslaust kapitalismen kan vere. Den får deg til å tenke, virkelig tenke over kven du sjølv er, og vil vere. Boka er gjennomsyra av skyld, en følelse som alt for mange kjenner seg igjen i. Den er ærlig og rett fram, men på en subtil måte. Nokre ganger opplevde eg det samme som karakterene i boka: Forvirring over kva som er rett og galt. Boka presenterer så mange perspektiv at det ein skulle ha av fordommer, fordufter der og då. Fleire ganger skjønte eg kor mykje eg ikkje har forstått. Etter å ha reist til Amerika sjølv, sat eg nemlig igjen med fordommer. Eit land kor folk lever på overflaten. Men gjer ikkje eg det samme sjølv, er eg så mykje betre?
Boka gir ingen svar. Den lar deg tenke sjølv, finne ditt eget moralske kompass. Boka snakker ofte om valg, og viser kor lett det er å gjere feil valg. Men samtidig: Ofte blir desse valga gjort fordi en ikkje visste betre. Dersom du tør å utforske din egen fortid, kan du falle til ro. Boka er også morsom, som gjer det lettere å fordøye den alvorlige bodskapen bak.
Boka har alt, og eg venter i spenning på fleire bøker fra forfatteren.

The nix av Nathan Hill |
Kommentarer
Legg inn en kommentar